top of page

Handballgruppa i Hødd blei skipa i 1946

  • Hødd handball er ei undergruppe i IL Hødd

​

  • Klubben har tilbod til alle aldrar frå 6 år (1. klasse) til veteran. 

​

  • I 2020/2021-sesongen starta klubben med allidrett for dei yngste utøvarane.

​

  • Damelaget spelar i 3. divisjon. Klubben samarbeidar med Bergsøy om tilbod for herrar.  

​

​

(les historia om Hødd handball under - foto: Arne Flatin)

susanne-løset-hødd-handball-klubbhistori

Historia i korte trekk:

 

«Dei hadde ikkje skikkeleg ball, og drakter blei lånt av fotballlaget»

​

(Historisk kjelde: «Høddboka» Heia Hødd 1919-1994 av Arne Flatin - sjå boka på Nasjonalbibliotektet sine nettsider)

​

Handballgruppa i Hødd blei skipa i 1946 og feira 70 år i 2016. Rett etter krigen var ikkje alt slik som i dag. Det heile starta med berre eit damelag. Dei hadde ikkje skikkeleg ball, og drakter blei lånt av fotballaget.

​

Den første sesongen blei ein suksess, og laget blei kretsmeister i klasse A. I 1953 blei handballaget meldt ut av kretsen, grunna stor fråflytting frå bygda. Og det skulle gå heile 14 år før handballdamene var på plass igjen i 1967.

 

Etter ein notis i lokalavisa det året møtte nesten 30 jentespelarar opp for å trene på Samfunnshuset. Skuleplassen i Ulsteinvik blei brukt til trening og kamp. Då idrettshallen mellom barneskulen og ungdomsskulen stod ferdig, blei også treningsforholda vesentleg betra.

 

Nivået gjekk oppover, og i 1969 blei damelaget KM-vinnarar innandørs. «Heimebana» i sesongane 1968-1978 var Ørsta, noko som var slitsamt i lengda. Men det var ein stor overgang til det betre då den tidlegare Ulsteinhallen stod ferdig.

 

I ettertid har perioden 1969 til 1984 vore trekt fram som den beste i handballgruppa, og særleg 1982-årgangen for damene. Dei var nær ved å kvalifisere seg til det som då var den nye 3. divisjonen.

 

I 1978 blei det sett i gang herrelag og gutelag for 14- og 16-åringar. Men herrelaget bestod stort sett av fotballspelarar, som etterkvart brukte meir av fritida på fotballen.

 

Dei kunne likevel spele god handball: Då gutelaga var lagt ned to år seinare, vann dei som utgjorde G16 over Herd då dei stilte opp i «Høddcup». Herd blei kretsmester same år, medan Hødd ikkje klarte å stille lag i serien på grunn av mangel på trenarar.

 

Handballgruppa feira 70 år i 2016. I «jubileumssesongen» 2015/16 hadde klubben 13 lag i ulike aldersgrupper. Då vart det óg skipa eit nytt damelag med mange yngre spelarar, i tillegg til det etablerte seniorlaget. For første gong på nær 30 år stilte Hødd også med eit herrelag denne sesongen.

​

Nye Ulsteinhallen som blei opna i 2015 var med å legge forholda betre til rette for trening og kampar. Det ga også klubben mulegheita til å arrangere Ulstein Cup - ein firenasjonars landslagturnering sommaren 2016. Over tre kampdagar kom nær 7000 besøkande til Ulsteinvik for å oppleve dei norske handballjentene i fartsfylte oppgjer mot Romania, Spania og Frankrike 21. til 24. juli 2016.

'

I 2017 opna den nye idrettshallen i Ulstein Arena som no er klubben si «storstove» med gode fasilitetar for trening og kampar. 

​

© 2023 by Name of Site. Proudly created with Wix.com

bottom of page